Fyrste julenøtt: panagram

Assisterande forskningssjef Ragnar Hauge og seniorforskar Anders Løland

Eit pangram er ein meiningsfylt setning som nyttar alle bokstavane i eit språk. Eit døme er

«Quisling var ein kløppar til å spela jazz på xylofon, men lærte seg aldri å spela cembalo før han drog til Washington.»

Klassisk kvalitetsmåling av pangram er kor mange bokstavar dei har. For å unngå at folk berre går på nett og søker opp gode løysingar har vi vald eit anna kriterium:

• Alle bokstavar må brukast minst éin gong.
• Kvar bokstav som er brukt meir enn éin gong får ein kvadratisk straff: Å bruka ein bokstav to gongar gir ein straff på straff på 4, tre gongar ein straff på 9, og så vert det verre. Det er altså betre å bruka tre ulike bokstavar dobbelt enn å bruka éin bokstav tre gongar.

På norsk gir c, q, w, x og z ein del problem, så vi tillet særnamn.

Send inn ditt pangram, anten på bokmål eller nynorsk, til julekalender@nr.no innan torsdag 6. desember kl. 14. Vinnaren stikk av med attraktive NR-effektar.

Ragnar Hauge

Eg har jobba på Norsk Regnesentral sidan 1995. Mesteparten av tida har eg jobba med modellering av bergartar i oljereserervoar, men eg har etterkvart også mykje erfaring med bruk av seismiske data. Ut over det faglege er eg interessert i det aller meste, i alle fall frå eit teoretisk synspunkt.